
Multi tool use
Bjørn Alexander Brem | |
![]() | |
Fødd | 23. november 1974 |
---|---|
Fødestad | Oslo |
Fødenamn | Bjørn Alexander Brem |
Alias | Gothminister |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 1989–i dag |
Sjanger | Gothic metal og industriell metal |
Instrument | Vokal |
Tilknytte artistar | Gothminister |
Verka som | Advokat og songar |
Bjørn Alexander Brem (fødd 23. november 1974), òg kjend som Gothminister, er ein norsk musikar innan sjangrane gothic metal og industriell metal.
Brem voks opp i Oslo, og var interessert i teikneseriar og teikna aktivt heilt frå åtteårsaldaren. Han var inspirert av skrekkfilmar og superheltar der Batman var favoritten. I tenåra gjekk det mest i metall, men òg noko industriell og elektronisk musikk. Han var med i fleire musikkgrupper der dei mest kjende var Conceptor og Disco Judas, ei gruppe som i dag er historie.
Den mest kjende gruppa hans, Gothminister, vart starta i 1999. Gothminister var til grunna Brem si interesse for goth og Gotham Nights, og namnet kjem av at Goth-miljøet trong ein sjef: Minister of Goth. På slutten av Disco Judas-epoken, fekk han ein halsinfeksjon. Han kunne ikkje arbeide eller studere den tida, og frykta at han ikkje ville syngje bra att. I laupet av den tida laga han framleis musikk og Gothminister fekk sin identitet.
Brem er utdanna advokat og driv familiefirmaet Advokatfirma Brem MNA i Oslo. Spesialfeltet hans er artistkontraktar, opphavsrett, varemerke og prosedyre.[1]
Innhaldsliste
- 1 Melodi Grand Prix 2013
- 1.1 Semifinale 3
- 2 Kjelder
- 3 Fotnotar
Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]
Gothminister vart valt ut av Norsk rikskringkasting (NRK) til å delta i Melodi Grand Prix 2013. Kvart bidrag måtte delta i éin av dei tre semifinalane for å kvalifisere seg til finalen. Songen vart valt ut til å delta i den tredje semifinalen 2. februar 2013 i Larvik. 30. januar 2013 vart songen «Utopia» offentleggjort i fjernsynsprogrammet MGP Direkte. Brem skreiv både tekst og melodi til songen.
Semifinale 3[endre | endre wikiteksten]
Bidraget vil starte som nummer éin, før Adelén med «Bombo».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Bjørn Alexander Brem» frå Wikipedia på bokmål, den februar 2013.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Advokatfirma Brem MNA
Låtskrivarar i Melodi Grand Prix 2013 | |
---|---|
Semifinale 1 | Tim Scott McConnell og Vidar Busk · Carina Dahl, Ben Adams og Søren Pagh · Tom Hugo · Emil Solli-Tangen og Sven Atle Kopperud · Ben Adams, Sara Skjoldnes og Julie Bergan · Mimi Blix, Dr. Shiver, Luca Monticelli og Mauro Cottini · Fredrik Saroea og Pål Myran-Håland |
Semifinale 2 | Martin Blomvik, Bjørn Johan Muri og Mats Weinholdt · Alexander Rybak · Silya Nymoen, K-One og John Lundvik · Josefin Winther og Magnus Skylstad · Trym Bjønnes · Haider Saleem og Morad Aziman · Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson |
Semifinale 3 | Bjørn Alexander Brem · Ina Wroldsen og Quiz & Larossi · Malin Pettersen · Gaute Ormåsen og Jesper Borgen · Anine Stang, Mattias Frändä og Johan Åsgärde · Winta og Beyond51 · Magnus Eliassen og Erik Eliassen |
Finalen | Tim Scott McConnell og Vidar Busk · Emil Solli-Tangen og Sven Atle Kopperud · Fredrik Saroea og Pål Myran-Håland · Alexander Rybak · Trym Bjønnes · Karin Park, Robin Lynch og Niklas Olovson |
Deltakarar i Melodi Grand Prix 2013 | |
---|---|
Semifinale 1 | Vidar Busk · Carina Dahl · Tom Hugo · Gromth og Emil Solli-Tangen · Julie Bergan · Mimi Blix/Doc MC · Datarock |
Semifinale 2 | Martin Blomvik · Annsofi · Shackles · Hank · Fjellfolk · Haji · Margaret Berger |
Semifinale 3 | Gothminister · Adelén · Lucky Lips · Gaute Ormåsen · Anina · Winta · Sirkus Eliassen |
Finalen | Vidar Busk · Fjellfolk · Adelén · Gromth og Emil Solli-Tangen · Gaute Ormåsen · Lucky Lips · Datarock · Annsofi · Margaret Berger · Sirkus Eliassen |
|